Landbruksbygg på Ålhus

11.02.2017

I 2017 sod det ferdig ein ny lausdriftsfjøs på Ålhus. Vi hadde vore med på delar av betongarbeidet her. Det er snakk om ein moderne trefjøs med full betongkjellar under. Her vart vi hyra inn i siste liten, men var ei nøkkel-prikke for å i det heile tatt få prosjektet til slik kunden ønska.

På dette prosjektet, vart vi først hyra inn for å hjelpe til med ein kjellar-del som vart ønska veldig seint i prosjektet. Kunden her ville ha ein garasje del i tilknyting til møka-kjellaren under fjøsen. Her ville han utnytte nokre allereie støypte betongveggar, ved til å få seg ein verkstad. Det som allereie var støypt hadde forma som ein L, og ved at vi vart hyra inn, fekk vi fort prosjektert både bærande betong dekke som tak med tilhøyrande søyle og ein vegg med bakfylling. Med den "nye" veggen såg arealet meir ut som ein U og vi kunne støype eit dekke over, før trefjøsen vart montert oppå vårt køyrbare dekke.

I tillegg til verkstaden, støypte vi og ei rekke plattingar rundt fjøsbygget. Disse var nødvendige for å sikre tilstrekkeleg reinsemd utanfor fjøsen. Nokre av plattingane vart støypte for at dyra skulle få ein betre veg ut av fjøsen, og måtte derfor ha tilstrekkeleg grep for at dyra ikkje skulle kunne skli. På disse plattingane laga vi derfor overflata på betongen ru, av typen vi kallar "brett-skura finish". Andre plattingar var til menneske og maskiner. På desse var det fordel at dei var ganske glatte, slik at dei var lettare å halde reine. Desse fekk dermed overflata "grovt ståla"

I seinare tid på same garden har vi utført forskjellege mindre arbeider. Deriblant støypt ein betongvegg på vekt-fundament som held tilbake massar på nedsida av ein gardsveg. Denne veggen vil også gjere kombinert nytte ved at den vil være bærande vegg for eit køyrbart dekke som kjem oppå, og vil være golv for eit reiskapshus.