Utførte prosjekter

Nokre av våre tidlegare utførte prosjekter

Her ligg ein liten del av dei prosjekta vi har vore inkludert i opp gjennom tida. Her kan du sjå litt meir kva erfaringar vi har og kan tilby i framtida, og korleis og kvifor vi utfører jobben

Vinteren 2023, hadde vi eit prosjekt i Stardalen i Sunnfjord. Der skulle vi restaurere eit bustadhus. Det var ein einebustad frå 1980 talet, som no hadde fått nye eigarar og trengde restaurering. På dette prosjektet var vi hovudentreprenøren, og vi utførte både snikkararbeidet og betongarbeidet.

Sommaren 2020 sto vi for oppføring av grunnmurane og ein garasje på Sunde i Sunnfjord. Dette var på eit nybygg, som er bygd opp av isolerte ringmurs element oppå eit breiare betongfundament. Det er den nye standarden for mindre bygg og bustadar, som skal isolerast etter dagens standarar. Her står litt om dette og tilsvarande prosjekter

På hausten 2019 deltok vi i bygginga av eit kraftverk i Fjerland som heitte Botna Kraftverk, Vi stod for hovudparten av den plass støypte betongstrukturen på anlegget, Dette vil då sei inntaksdemning, sidedemning, inntakskum, og delar av kraftstasjonen i botnen av røyrgata.

I 2017 sod det ferdig ein ny lausdriftsfjøs på Ålhus. Vi hadde vore med på delar av betongarbeidet her. Det er snakk om ein moderne trefjøs med full betongkjellar under. Her vart vi hyra inn i siste liten, men var ei nøkkel-prikke for å i det heile tatt få prosjektet til slik kunden ønska.

Nedrebø Kraft

11.02.2011

I 2011 fekk vi jobben med å bygge demning og kraftstasjon hjå Nedrebø kraft. Dette kraftverket ligg i ligg i botnen av Nedrebø dalen på Ålhus i Sunnfjord, og har ein årleg produksjon på 4.8 GWh. Demningen ligg 129 meter over turbinen, og består av ein heil demning med betongkjerne og steinfylling. Denne demningen er og delt i to...


*Trykk på dei ulike prosjekta for meir info om det eksakte prosjektet og tilsvarande prosjekt. Det kan gje deg eit bilete på kva vi kan få til.