Nedrebø Kraft

11.02.2011

I 2011 fekk vi jobben med å bygge demning og kraftstasjon hjå Nedrebø kraft. Dette kraftverket ligg i ligg i botnen av Nedrebø dalen på Ålhus i Sunnfjord, og har ein årleg produksjon på 4.8 GWh. Demningen ligg 129 meter over turbinen, og består av ein heil demning med betongkjerne og steinfylling. Denne demningen er og delt i to av ein steinmur, og der er ein inntakskum og ventilrom under bakken framom demningen.   

På dette prosjektet stod Firda Bygg for støypinga av heile demningen og inntakskummen, i tillegg til stasjon og utløp. Demningen har ein tjukk vatn tett betongkjerne som går på tvers av det gamle elveløpet til det møter fjell. Betongen her verkar her som ein vatn tett film, midt i ein stor steinmur. Det vil sei at det ligg store steinar på begge sider av muren. Steinane er det som hovudsakleg held vatnet tilbake, medan betongen held det tett. Ved denne demningen stoppar derfor vatnet, og det vert vidaresendt til neste dam som ligg rett på sida.

Den neste dammen er ei forlenging av den av den stoppande dammen, men med eit stort hol og ei stor sil som skal sile ut rusk og rask frå vatnet. Her er betongen meir bærande, men i hovudsak er den berre der for å tette. Det fordi heile anlegget er nedgrave, og trykket frå vatnet er heldt av massane på utsida. Der demningen er kopla på røyrgata, er det eit bygg rundt som er knytt til resten av demningen. Denne held demningen oppe, når det ikkje er vatn i han. Dette er in billig men stødig måte å bygge demningar på, og er brukt mykje på norske småkraftverk der det er litt flatare terreng.

Kraftstasjonen er bygd av både betong og treverk. Betong i dei vitale funksjonelle delane for å sikre motstand mot vatnet, og treverk der det berre er behov for å skjerme for vær og vind. Dette gjev eit meir naturleg uttrykk, som passar betre inn i omgjevnadane. Delar av stasjonen er og støypt under bakken og består av mange skjulte, men høgst nødvendige delar. Dette som for eksempel støydempande veggar i utløp, kabelgrøfter ned støypt i bakken, lodd som held på plass turbinen og kanal til å lede vatnet ut under vegen.