Oppussing i Stardalen

10.10.2023

Vinteren 2023, hadde vi eit prosjekt i Stardalen i Sunnfjord. Der skulle vi restaurere eit bustadhus. Det var ein einebustad frå 1980 talet, som no hadde fått nye eigarar og trengde restaurering. På dette prosjektet var vi hovudentreprenøren, og vi utførte både snikkararbeidet og betongarbeidet. 

Huseigar sjølv tok seg av mesteparten av rivingsarbeidet og klargjorde bygget til oss. Då vi kom på plass tok vi oss først av betongarbeid på til dømes badegolv, samt diverse reparasjonar og forsterkingar av den gamle bygningen. Vi laga vi to nye badegolv, sjølvsagt med dagens standard på fall, avløp og vantet sjikt. Vi bytte vindauge til moderne isolerglas som held betre på varmen og taklar meir vær og vind. Alt det innvendige i bygget av plater og panel vart bytt, og det vart lagt opp nytt elektrisk anlegg. Nytt kjøkken vart montert, ny eldstad, og soverom vart pussa opp.

På slike oppussingsprosjektet kan det dukke opp forskjellege uventa hindringar undervegs, som vil krevje koordinering mellom betong arbeidar og tømrar. Dette kan til dømes være manglande fundament for søyler inne i huset, problem med høgder på grunnen som må koordinerast for å unngå for lite takhøgde eller endring av planlagt byggemateriale i utsette delar av bygget for å auke haldbarheit. Det er mykje lettare å få slike ting på stell dersom eit firma fiksar begge delar. Ein slepp unna mykje ringing og køyreturar for koordineringa. Våre handtverkara har er fagfolk på begge felta og vil derfor lettare ta riktige avgjersle og kunne bruke mindre tid på reising og ringing, og meir på å få ferdig ditt prosjekt.